tirsdag 8. mai 2012

lørdag 5. mai 2012

torsdag 22. mars 2012

" Jeg tror det finnes en kobling
mellom smerten, saligheten og godheten."

onsdag 14. mars 2012

Å leve draumen




















..som at når ein lev ein draum
må ein gje slepp på ein anna.

I dagdrøyminga finnast ingen
slike grenser.

Det er ikkje før ein byrjar
å realisere draumane,
at ein ser kva draumar
ein ikkje kjem til å kunne
gape over i dette liv.

tirsdag 31. januar 2012

Salme 17:15

Men frikjend
skal eg få sjå ditt andlet.
Når eg vaknar, skal eg mettast
ved synet av deg.

onsdag 2. november 2011

Andedrag















Idealismen
ånda, vaknar.
Lengtar, strekk
seg mot håpet,
tek arbeidshanskane på,
ristar av seg
lange,
numme vintrar.
Fornemmer duft av liv..
Vinden talar om kampar
eg ikkje gir meg utan.

lørdag 21. mai 2011

Våryr















Lik ein kalv når han slepp ut av fjosen
ein kjølig vårdag,
yrer det i mitt
blod og sinn.

Som om alt kunne levast i dag
ja, om alt kunne syngjast og seiast,
kjennast på ein dag,
så var det i dag.
Og om verda kunne reddast,
av oss ilag, denne veka
ja, for det kunne bli denne.

Gje meg ein morgon,
ikkje ei natt
med pensum i handa,
lat meg ikkje verta matt.