fredag 19. desember 2008

Unskuld Språket...

Forstå meg rett. Kampen mot det som er urett i mitt eige liv kan verke longdryg og utan ende. Der det er brann for det gode er det hat mot det vonde. Men denne kampen er livslang, og det er viktig å bruke tida og energien på det vi er meint til, og ha Guds perspektiv.

Ein kan ikkje unngå skit.
Stadig vekk freistar vi å halde oss på det reine.
Av og til kjennest det som om skiten når ein til knea.
Eg er skitlei skit! Er det noko eg er lei av så er det det.
Men her i morges sat eg å la ut om dette til den einaste skitlause.

Og brått skreiv eg på papiret noko eg sikkert har tenkt på før, men som atter blei ei fridomens stund for meg. Drit i dritten!

Vi har andre, og betre ting å ta oss føre.