
Du er bunden.
Knebla av frykt,
av løgner.
Du er såra.
Har no inkje å gje, men sug til deg,
av meg.
Eg er ei kjelde,
til virituelt liv.
Eg er såra, brukt,
misforstått.
Ditt håp står og fell
på meg.
FRIDOM
ropar mi sjel.
Fri meg,
frå ditt eige skjøre hjarte.
FRIDOM
ber eg.
Fri deg, frå meg;
ei vill rosebusk
du ikkje kan klamre deg til.
Fridom
kviskrar eg.
Finn du i gartnarens hender.
3 kommentarer:
wow. du e begava kjære ven!:)
Vi må snakkes du vakraste av vakre! :D Kjærleik herifrå
takk takk, de er så søte:) Ja! snakkast må me:) Eg har til og med fått meg skype(!) berre sei når det passar! tysdag er fint for meg;)
Legg inn en kommentar